Blant storlom og mogop på Dovrefjell

Dei fleste hadde tatt seg fri på fredag og ankom hyttene til Dovregubbens hall i spreidd orden utover fredagen. Hyttene var fine og betjeninga hyggjeleg. Opprinneleg hadde vi berre lagt opp til fellesmiddag på laurdag kveld, men endte opp med å eta felles middag på kafeen kvar dag – ein sosial og hyggjeleg tradisjon😊

Vi leita etter mogop, men fann moskuslort! (Foto: Rine G. Carlsen)

På denne vårturen fall det naturleg å konsentrere seg om nokre få aktuelle motiv: moskus, storlom, mogop og blåstrupe.

Moskusguiden vår hadde førebudd deg godt med rekognosering både dagen før og tidleg på morgonen før den store «moskusdagen» vår. Diverre var ikkje tilfeldigheitene heilt på vår side. Det regna og bles mesteparten av dagen. Rett før vi kom fram til «Gullmotivet» vårt – ein større flokk med kalv – vart heile flokken jaga bort av ein barnefamilie! Eit godt eksempel på dårleg oppførsel ovanfor ville dyr. Vi forlot åstaden og køyrde eit godt stykke før vi klatra opp på eit større grasområde, omringa av bratte fjellsider. Men også her hadde flokken forlatt området. Så da hadde vi berre plan C igjen – to oksar som beita fredeleg saman ein liten fottur frå parkeringsplassen. Desse var heldigvis der fortsatt, så alle som hadde halde ut regn og skuffelsar fekk ein solid dose bilder av fredeleg beitande moskus.

Fredeleg, beitande moskusokse (Foto: Unni Fonneland)

Det var stor interesse for storlomen og fleire av oss hadde 4-5 fotoøkter med denne flotte fuglen. Vi låg stort sett gøymde i diverse kamuflasjeartiklar med og utan for og venta på at fuglane skulle komme. Storlomen patruljerar området sitt i større eller mindre rundar, så ein kan vera rimeleg sikker på at fuglane kjem tilbake om ein fyrst har sett dei i eit område. Det vart nokre ganske heftige opplevingar da storlomane kunne komme ganske nære og innimellom også med dei trolske ropa sine.

Storlom på nært hald, med trolsk skrik. Høyr på lyden på Fuglelyder.net! (Foto: Nils Olaf Thonvald)

Vi hadde fleire ekskursjonar for å lokalisere mogopen, og fann også nokre spreidde lokalitetar rundt omkring. Men dei store førekomstane av blomsten viste seg å vera rett ved hyttene våre. Så dei fleste fekk teste alle moglege kombinasjonar av vidvinkel, tele, morgonsol, kveldssol, medsol, motsol og kor vidt ein skulle ha dusande vegetasjon mellom kamera og plante.

Mogop med turdeltager i bakgrunnen (Foto: Margrethe Holmsen)

Blåstrupen var det verre med. Nokre få var heldige og fann blåstrupe som ville vise seg fram for fotografen, men dei fleste av oss kom aldri nær på desse fuglane. Våren var sein i år, og det var kaldt og vindfullt, så fuglane foretrakk å halde seg i ro nede i vegetasjonen – forståeleg nok.

Blåstrupe (Foto: Bjørn Korsmo)
Blåstrupe (Foto: Bjørn Korsmo)

Alt i alt var dette ein kjempehyggjeleg tur med bra fotografisk utbytte. Dette bør vi gjenta!

Her er eit lite utvalg av bileta vi tok på turen:

More from Rine Grue Carlsen
Rovdyrworkshop i Finland
Biofoto Østlandet har fått tilbod frå Roger Brendhagen om å bli med...
Read More
0 replies on “Blant storlom og mogop på Dovrefjell”