Fototur til Ekebergdalen og Ytre Enebakk

Ca 10 fotografar samla seg på den etter kvart overfylt vesle parkeringsstripa der bilvegen kryssar elva Igna. Vi forsøkte oss fyrst på sangsvanene som hadde samle seg på nedsida av brua. Fuglane var lite samarbeidsvillige. Flytta vi oss mot dei – om aldri så sakte og forsiktig – flytta dei seg tilsvarande vekk frå oss.  Men været var fint og det var uansett hyggjeleg å treffe likesinna fotografar. Saman med den sjenerte svaneflokken kunne vi også skimte laksand og kvinand. Ein gjeng stokkender kom også symjande etter kvart – lang mindre forsiktige enn svanene.

Etter nokre timar ved Ignas bredder forflytta vi oss til Ytre Enebakk for å sjå etter fossekall. Men fossekallen glimra også med sitt fravær, så vi åt nista vår og skravla litt meir, før alle reiste heim til sitt og sine i spreidd orden.

Takk for hyggjeleg tur😊

Om du var med på turen og ikkje har rekt å sende inn bilder enda kan du fortsatt gjera det eit par dagar til. Eg oppdaterar fortløpande:-)

More from Rine Grue Carlsen
Fototur til Slåttemyra
Fem turdeltakarar tok seg fram på ulikt vis – med tog, med...
Read More
0 replies on “Fototur til Ekebergdalen og Ytre Enebakk”