Fototur til Slåttemyra

Fem turdeltakarar tok seg fram på ulikt vis – med tog, med personbil, til fots frå Nittedalsida og med elsykkel frå Maridalen – og møttest til slutt på målet for turen – Slåttemyra. Været var litt i finaste laget – lyset var steinhardt og lite egna for skjøre orkidear – men fint å vera på tur i.

Lunspause i det alt for fine været.

Vi fann ein del orkidear i Marihåndslekta. Her er det så mange liknande artar og hybridisering mellom artane at det gjeng litt i surr for underteikna… Hovudattraksjonen – den flotte Myrflangra – glimra med sitt fråvær. Vi trur vi var litt tidleg ute og vart einige om at det ville vera perfekte forhold om 14 dagar. Så da er det berre å ta turen for dei som vil! Men vær forsiktig så du ikkje tråkkar ned andre planter. Følg gjerne tråkka som andre botanikkinteresserte har laga før deg:-)

Det var sjølvsagt litt kjipt å ikkje finne myrflangra, men da vi oppdaga dei fantastisk flotte blåpraktvannymfene i ein bekk rett ved, vart alt heilt ok likevel. Vi fekk med oss både paring og eit fint knippe ulike adferdsmønster hos denne praktfulle augestikkararten.

Det var i det heile tatt ein veldig hyggjeleg tur med godt selskap, gode diskusjonar og fine fotomotiv.

Takk for turen!

Tags from the story
More from Rine Grue Carlsen
Rovdyrworkshop i Finland
Biofoto Østlandet har fått tilbod frå Roger Brendhagen om å bli med...
Read More
0 replies on “Fototur til Slåttemyra”