Hoggorm, padder og sommarfuglar

Ein vårleg laurdag i midten av april møttest 10-12 Biofotingar langt til skogs inn på Hvamsåsen. Vi skulle bli med hoggormekspert Thor Håkonsen inn til hoggormfeltet hans.

Hoggorm i graset. Fotograf Kjetil Nordheim

Både været, Thor og hoggormen leverte denne flotte dagen. Thor trylla fram eit lite knippe hoggormar frå feltet sitt og vi andre fotograferte i vilden sky. Vi fekk testa ut fleire ulike stader, bakgrunnar og solforhold. I tillegg til å kunne alt om hoggorm vikarierte også Thor som skugge for sola, da den til tider var vel skarp for sarte fotosensorar med begrensa dynamisk omfang. Vi hadde også ein hyggjeleg lunsj inne i skogen. I tillegg til hoggorm fann vi årets aller fyrste sommarfuglar – sitronsommarfugl, sørgekåpe og neslesommarfugl. Langs vegen fann vi også padder med jamne mellomrom. Alt i alt ein hyggjeleg tur med bra fotografisk utbytte:-)

More from Rine Grue Carlsen
Blant storlom og mogop på Dovrefjell
Dei fleste hadde tatt seg fri på fredag og ankom hyttene til...
Read More
0 replies on “Hoggorm, padder og sommarfuglar”