Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Vårtur til Dovrefjell

mai 16 - mai 20

Bli med til Dovrefjell i siste halvdel av mai. Dette er perioden da vi naturfotografar kan oppleve både mogopblomstring, blåstrupe, storlom og ikkje minst moskus! Vi skal overnatte på Dovregubbens hall sentralt plassert på Dovrefjell.

Vi har sikra oss moskusguiden Knut Inge Røstad til å guide oss på moskus på sundag. Guiden gjeng på forhånd gjennom terrenget og lokaliserar passande dyr for oss. Dette aukar sansynlegheta for å få gode motiver og aukar sikkerheten vår. Vi kan også risikere å få meir kunnskap om moskusen. Moskusguidinga er heilt frivillig, men du må oppgje ved påmelding om du vil vera med på det.

På morgonen ein av dei andre dagane – avhengig av været – legg vi oss til i kamuflasje ved ei passande elv/vatn og ventar på storlomen. Vi må leggje oss til i god tid før soloppgang og heile seansen tar 2-3 timar. Tenk over om du har lyst til å vera med på dette, så avklarar vi kven som vil vera med i starten av opphaldet.

Resten av langhelga oppsøker vi kjende lokalitetar for mogop, blåstrupe, fossekall og kanskje meir storlom. Og eventuelt andre interessante ting som f.eks ulike andefuglar, Fokstumyra naturreservat…osv.

Dovregubbens Hall serverar også 17. mai buffet for dei som ynskjer det.

 

Program

  • Torsdag 16/5: ankomst for dei ivrigaste
  • Fredag 17/5: ankomst for fleire +  felles 17. mai buffet
  • Laurdag 18/5: ankomst for dei siste
  • Sundag 19/5: felles moskusguiding heile dagen
  • Mandag 20/5: heimreise.

Dei fleste dagane fotograferar vi storlom, mogopp, blåstrupe, fossekall, moskus – eller noko anna. Det blir storlomfoto frå tidleg morgon ein av dagane, men været får bestemme når. Programmet er heilt frivillig – du kan også dra på egne utflukter når som helst.

 

Overnatting

Vi har fått eit pristilbod frå Dovregubbens Hall der endeleg pris pr person er avhengig av både antall døgn og av kor mange vi blir.

Pris pr person på felles hytter:

  • 4 døgn: kr 2400,
  • 3 døgn: kr 1800,
  • 2 døgn: kr 1200

Pris pr person for enkeltrom:

  • 4 døgn: kr 4750,
  • 3 døgn: kr 3750,
  • 2 døgn: kr 2500,

Frokost er inkl. i hotellrommene (Enkeltrom med dobbelseng). Det er ingen mogleghetar for matlaging på enkeltrom, men vi ordnar slik at alle får tilgang til kjøkkenet på felleshyttene.

OBS! Om vi blir færre enn 10 personar vil prisane bli høgare!

 

17. mai buffet

Dovregubbens hall har eigen 17. mai buffet denne dagen. Den kostar kr 425,- pr pers. Vi bestiller bord kl 17 – 19 for dei som vil vera med.

 

Moskusguiding

Prisen er avhengig av kor mange som blir med på guidinga. Her er prisane – med Biofotorabatt:

  • 4 – 6 personer: 1400,- pr. pers.
  • 7 – 10 personer: 1200,- pr. pers.
  • 11 – 15 personer: 1000,- pr pers.

 

Ta med

  • Middag kan kjøpast på Dovregubbens hall eller lagast på eige kjøkken. Ta med all anna mat til heile oppholdet.
  • Kikkert
  • Tele, makro og normalzoom, avhengig av interesser, sjølvsagt:-)
  • Klær etter forholda – det kan fort bli kaldt!

Dersom du skal vera med på morgonfotografering av storlom treng du:

  • Fora duk av typen Jerven eller liknade som du kan ligge inne i (absolutt nødvendig)
  • Liggeunderlag  (absolutt nødvendig)
  • Gjerne ein ekstra kamuflasjeduk i tillegg
  • Hanskar i mørke/duse farger som du kan betjene kameraet med
  • Balaklava/finlandshette i mørke duse farger eller kamuflasjelue som skjular ansiktet ditt
  • Noko til å støtte opp kamera + objektiv. F.eks beanbag eller liknande.

 

Påmelding

Påmeldingsfisten er 10 april. Frå og med denne datoen er påmeldinga bindande. Om du etteranmelder deg må du sjølv ta ansvar for å skaffe overnatting, og du får ikkje nyte godt av prispakka. Maksimalt antall er 15 personar – her er det fyrstemann til mølla.

VIKTIG! Vær nøye med å få med dato for ankomst og avreise. Pristilbodet vi får frå Dovregubbens Hall bygger på desse opplysningane, så dei må stemme. Du betaler for dei dagane du har oppgitt at du skal overnatte, uavhenig av om du avsluttar opphaldet tidlegare.

Send epost til maholms@online.no – og oppgjev:

    • Navn
    • Epost
    • Mobilnr
    • Dato for ankomst og avreise
    • Om du vil ha einerom
    • Om du vil vera med på 17. mai buffet (kr 425,- , ca kl 17-19)
    • Om du vil vera med på moskusguiding sundag 19. mai
    • Er du interessert i samkøyring? I så fall – sei i frå om du har plass til passasjer(ar), om du kan trenge skyss og kor du skal reise frå. Eg sender oppdatert informasjon til alle turdeltagarane med liste over bilførarar og eventuelle passasjerar som treng å koblast saman.

Turleiarar er Rine G. Carlsen og Margrethe Holmsen. Ta kontakt med Rine på tlf 906 53 358 om du lurar på noko.

Velkommen til vårtur på Dovrefjell!

Detaljer

Start:
mai 16
Slutt:
mai 20
Kategori for Arrangement: