Vellukka hoggormtur med Thor Håkonsen

Dette må vera den mest populære turen i Biofoto Østlandsavdelingen på mange år – underteikna talte heile 21 stykk som hadde møtt opp i håp om både nærkontakt med og kunnskap om hoggorm! Vi gjekk eit par km inn i skogen for å komme til hoggormterrenget. Har hadde vi ein laaang (og hyggjeleg) lunsj medan vi venta på at sola skulle varme og tørke opp bakken såpass at slangane fann det bryet verdt å komme fram for å sleike sårt tiltrengt vårsol.

Ein engasjert turleiar Thor Håkonsen viste oss rundt i hoggormterrenget. Foto: Rine G. Carlsen

Ein engasjert Thor Håkonsen førte oss rundt i terrenget, auste av kunnskapen sin og ikkje minst fanga inn fleire av hoggormane vi kom over. Desse vart plassert ut i eit meir fotogent område slik at vi kunne få drømmebileta våra av hoggorm – både med og utan den kløfta tunga ute. Totalt såg vi 6 hoggormar. Desse kom i fleire fargevariantar, både heilt svart, den meir tradisjonelle brune og den som tenderte mot blått.

Alt i alt ein særdeles hyggjeleg og utbytterik tur med ein fantastisk hoggormguide i Thor Håkonsen!

More from Rine Grue Carlsen
Fototur til Movassbekken
Heile 6 fotografar møtte spent opp på parkeringsplassen ved Mobekken. Landskap, gammalskog...
Read More
0 replies on “Vellukka hoggormtur med Thor Håkonsen”