Vårtur til Østensjøvannet

Seks fotografar møtte opp på vårturen vår til Østensjøvannet. Vi var innom fleire observasjonsstader sør i vatnet, men må i ettertid konkludere med at fugleskjulet på vestsida gav oss dei beste fotoopplevelsane. Heile tre par med toppdykkarar heldt til rundt fugleskjulet. Eit par hadde til og med bygd paringsplattforma si rett utanfor skjulet.

Toppdykkerparing. Fotograf Lukas Tietgen
Hoa var den klart ivrigaste i dette paret – ho la seg på paringsplatforma og viste svært tydeleg kva ho ville. Hannen derimot, var mest opptatt av plattformbygging. Men til slutt, etter mange forsøk, vart det paring – til stor jubel frå oss i fotoskjulet.

Andre høgdepunkter var kvinandparing, sothønekamp og to dvergloar som haldt til rett utanfor skjulet.

Alt i alt ein hyggjeleg tur med bra fotografisk utbytte.

More from Rine Grue Carlsen
Fototur til Movassbekken
Heile 6 fotografar møtte spent opp på parkeringsplassen ved Mobekken. Landskap, gammalskog...
Read More
0 replies on “Vårtur til Østensjøvannet”