Makro frå grøftekanten og havsulestup – Biofotos oktobermøte

Arild Hareide innleda med det nystarta innslaget “Historien bak bildet”. Arild hadde vore på Runde, og   kunne fortelle korleis ein tar bilete av stupande havsuler. Neste års fotoprosjekt?

Kveldens foredragshaldar, Borgny Helnes haldt foredraget “Fra grøftekanten”. Her fekk vi sjå spanande makrobilete frå – ja, nettopp – grøftekanten. Mange flotte bilete.

Bildevisning frå kveldskonkurransen. Alle følger spent med.

Tema for kveldskonkurransen var “Makro fra naturen”. Heile 35 bilete var sendt inn denne gongen. Dei tre beste vart:

  1. Nils Olaf Thonvald, med biletet “Apollosommerfugl i flukt, Parnassius apollo ssp. Jotunensis”,
  2. Leif Arild Eriksen , med biletet “Solsikker” og
  3. Erik Rundgren, med biletet “Vår”
Vinnarane i kveldskonkurransen.

Her er alle bileta og resultatlista.

Ca 30 medlemmer møtte opp. Her er eit lite knippe stemningsbilete frå kvelden:

Written By
More from Webmaster
På ville veier og stinn brakke
Det vart nesten trangt om plassen i det store auditoriet på OsloMet...
Read More
0 replies on “Makro frå grøftekanten og havsulestup – Biofotos oktobermøte”