Eit lite Afrikaeventyr

Biofoto Østlandet har hatt sin fyrste tur til Afrika! Vi har humpa omkring i opne safaribilar på den støvete Afrikanske savannen og sett løver, elefantar, antiloper og ein hurv med fargerike fuglar. Og ikkje minst har vi blitt betre kjent med dei gjestfrie, flotte masaiane som held til i området og jobbar på Serea Camp.

Elefant. Fotograf: Hanne Eriksen
Elefant. Fotograf: Hanne Eriksen

For ca eit år sidan inviterte Øyvind Løkka oss til fotocampen sin Serea Camp i nærleiken av Masai Mara i Kenya. Seks Biofotomedlemmer møttest, ganske spente, på Gardermoen 3. august for å starte på den lange reisa. Og lang reise var det: fyrst mellomlande i Doha i Qatar, så nytt fly til Nairobi i Kenya, overnatte på hotell her og så bli køyrd med bil i mange timar med høg hastigheit på dårlege vegar og eksotisk trafikkultur. I byen med det velklingande namnet Ololulunga møtte vi endeleg Øyvind. Siste del av reisa var i opne safaribilar, på enda dårlegare vegar, like høg hastigheit og masse støv. Men nå såg vi stadig fleire eksotiske fuglar og ein og annan bavian langs vegen. Folka vi såg langs vegen var openbart fattige, men særleg kvinnene var ofte kledd i fargerike, flotte klede. Etter over eit døgn på reise nådde vi endeleg fram til Campen der vi skulle tilbringe den neste veka.

Serea Camp. Store, solide telt med hyener og flodhestar som vandra rundt i leiren på natta.
Messeteltet. Foto: Rine G. Caelsen
Vi tilbrakte mykje av “fritida” i kaffe/messeteltet med eting, bildejobbing og diskusjonar.

Serea Camp ligg i utkanten av ein skog med utsikt over savannen og dyrelivet der. Campen består av store telt omgitt av tre som gjev etterlengta skugge, stiar og eit stort fellesbygg med kjøkken og felles opphalds- og spiserom med utsikt mot savannen. Vi vart tatt i mot av venlege Masaiar i fargerike, tradisjonelle klede og fekk levert klut til å tørke vekk det verste støvet og drikke. Alle fekk kvart sitt store, luksuriøse telt med både vannklosett og dusj. Om natta vandra det flodhestar, hyener og andre ville dyr omkring i campen. Av den grunnen måtte vi tilkalle ein av masaivaktene, som dukka opp med lykt og væpna med spyd, om vi skulle ut av teltet.

Blide fotografar på safaritur. Foto: Rine G. Carlsen
Blide fotografar på safaritur. Foto: Rine G. Carlsen
Lavt-standpunkt. Fotograf: Jens Erik Nygård
Lavt-standpunkt. Fotograf: Jens Erik Nygård

Ein vanleg dag var omtrent som dette: vi møttest i fellesbygget kl 05.30 for å drikke kaffi/te, fordele oss i dei to safaribilane og køyre ut kl 06. Så køyrde vi omkring på savannen, langs skogkantar, elver og våtmarker i dei opne safaribilane på jakt etter fotomotiv. Kl 10 var vi tilbake i leiren for å eta frukost. Nå kunne det vera pause nokre timar eller andre aktivitetar. Så var det lunsj kl 14 og på’n igjen med fotografering frå bilane våre frå ca kl 16. Vi haldt på til det var mørkt, noko som skjer brått så nær ekvator. Så var det middag ved 19-tida. Det vart ikkje noko natterangling på nokon av oss – vi var alt for trøytte og ønska å vera i slag til morgonøkta dagen etter.

Nesehorn. Foto: Arild Hareide
Nesehorn – nært på! Foto: Arild Hareide

Vi såg alt ein kunne forvente av grasetarar som Thomsongaselle, Impala, gnu og til og med den knøttvesle dik-dik’en. Sjiraff, sebra, elefant, vannbøffel og vortesvin vart etter kvart eit heilt vanleg syn. Vi såg også ein masse eksotiske fuglar som ulike typer isfugl, bietarar, traner, hegrer og ibisar – og ikkje minst den merkelege sekretærfuglen. Mykje tid gjekk med til kattejakt – det å leite etter dei store kattene – løve, gepard og leopard. Og vi fekk fotografert alle!

Fotograf: Jorun Anette Sletner
Løveportrett. Fotograf: Jorun Anette Sletner

Køyringa i safaribilane var eit kapittel for deg. Vi køyrde på stader som i utgangspunktet såg aldeles uframkommelege ut – det vera seg vegar med vegarbeid,  grøfte- eller elvekryssing eller rein offroadkøyring. Ved eit par anledningar satte vi oss også aldeles fast, men vha slepetau eller dytting (!) i bakenden av andre bilar, kom vi oss alltid videre. Humpinga bak i den største bilen resulterte i fleire ublide møter mellom hovud og tak, men alle kom relativt uskada frå det heile. Spanande var det i alle fall!

Sekretærfugl. Fotograf: Jens Erik Nygård
Sekretærfugl. Fotograf: Jens Erik Nygård

Andre aktivitetar var besøk i eit nesehornreservat med to sjeldne kvite nesehorn, eit besøk i næraste masailandsby med omvising, song og dans og kjøp av lokalt handverk. Og sist men ikkje minst: ein heil dag i Masai Mara nasjonalpark med store mengder gnu på vandring (Great migration) og fleire store katter. Det var ingen begrensningar på antal safaribilar inne i dette reservatet og vi opplevde eit par gongar at det, så vidt vi kunne bedømme, var alt for mange bilar som var for nærgåande både i samband med løver og gnuanes elvekryssing. Men vi hadde også flotte opplevingar med ein gepardfamilie, leopard, og ein hurv med andre dyr.

Serea Camp var ein flott stad med luksuriøse telt, god mat, venlege og hyggjelege ansatte, kunnskapsrike sjåførar og svært spennande dyreliv. Alt i alt var dette eit minnerikt Afrikansk eventyr!

More from Rine Grue Carlsen
Vårtur til Østensjøvannet
Seks fotografar møtte opp på vårturen vår til Østensjøvannet. Vi var innom...
Read More
0 replies on “Eit lite Afrikaeventyr”