Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Østensjøvannet

2. mai 2023 @ 17:00 - 21:00

Østensjøvannet er eit populært område for alle fuglefotografar, men har også andre motiv å by på. Her er observert over 200 fugleartar. Dei vanlegaste artane er knoppsvane, grågås, kanadagås, stokkand, kvinand, toppand, toppdykker, sothøne, sivhøne, hettemåke, gråmåke samt diverse duer, spetter og spurvefuglar. Mindre kjent er at ein også kan finne amfibier og pattedyr her. Både vanleg frosk og spissnutefrosk held til i området. Ekorn og rådyr er også vanlege her, men rådyra viser seg nok ikkje før i skumringa.

Vi møtes kl 17 (eller seinare for dei som ikkje rekk det) ved parkeringa sør-øst for vatnet. Her tar vi ein kort introduksjon til området før vi sprer oss utover etter interesse og evne. Etter eit par timar tar vi ei felles pause. Deretter held kvar enkelt på så lenge ein ynskjer.

Ta med:

  • Teleobjektiv – dei fleste fotomotiva er på litt avstand. Men for all del – du finn heilt sikkert også motiv egna for vidvinkel eller makro her.
  • Kikkert – alltid lurt å ha ved Østensjøvannet
  • Sitteplate, termos med passande innhald og eventuelt noko å tygge på

Turleiar er Rine G. Carlsen. Det er ingen påmelding til turen, berre møt opp. Har du spørsmål kan du kontakte turleiar på 90 65 33 58.

Vel møtt til tur!

Detaljer

Dato:
2. mai 2023
Tid
17:00 - 21:00
Kategori for Arrangement: