Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Landskapsfoto ved Sandbakken i Østmarka

september 21

Opprinneleg hadde vi tenkt å få til ein skikkeleg haustlibelletur, men været ser ikkje ut til å stå oss bi. Vi treng meir sol og varme for å lura fram libellene. Så da har vi endra på turen:

Det blir nå ein landskapsfototur frå Sandbakkenområdet i Østmarka. Vi møtast på utfartsparkeringa ved Sandbakken kl 10 laurdag 21. September. Det er mange stiar i området, ein del små bekkar og ikkje minst: fleire registrerte områder med både gammal lauvskog og gammal barskog. Lauvtrea byrjar å få farge og bekkar er alltid interessante på denne tida – enten ein fokuserer på refleksar og fargerike blad eller gjev seg lange lukkartider og nøytrale gråfilter hen. Eg kjem til å gå ein runde på ca 3 kom i området, men det er heilt opp til folk om dei vil bli med på det eller jobbe meir på eigenhånd. Sandbakken Sportsstue er ein populær utfartsstad og dei serverar bla ulike variantar av kaker og bollar, vaflar og kaffe/te. Så vi tar felles lunsj her.

Haustbregne. Foto: Rine G. Carlsen
Haustbregne. Foto: Rine G. Carlsen

Eg kjem til å ta med normalzoom, makro, stativ og nøytrale gråfilter. Vurderar også ein liten tele. Det er nok fuktig i bakken nå, så bruk solide tursko. Lurt å ta med eit lite sitteunderlag også, som du kan sette knea på om du skal prøve deg på makrofoto.

Turleiar er Rine G. Carlsen – mobil: 90653358

Det er ingen påmelding – berre å møte opp😉

Velkommen til fototur i Østmarka!

Detaljer

Dato:
september 21
Kategori for Arrangement: