Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Dovrefjell i haustfarger

16. september 2022 - 18. september 2022

Bli med på hausttur til Dovre! På denne tida er det flotte haustfarger i fjellet. Landskapet på og rundt Dovre er svært fotovenleg og det mange artar å fotografere. Det er gode sjanser for å finne moskus og du kan melde deg på guida moskustur med profesjonell moskusguide. Det er lagt til rette for å vera sosial med resten av turfølget med felles turopplegg, middag og kveldssamling i peisestua på Furuhaugli Fjellhytter.

Program

Programmet er ikkje heilt ferdig, men vil nok (i tillegg til moskussafari) innehalde noko av dette:

  • Morgonfoto i Døråldalen – denne er klassisk og er eit svært vakkert område
  • Einunndalen – flott seterdal
  • Grimsdalen – flott dal, og sjans til å sjå litt dyreliv langs vegen.
  • Elgsafari, kan bestillast hos Furuhaugli

Her er det som er bestemt førebels:

Fredag 16. september
Ankomst i løpet av ettermiddag/kveld (hyttene er tilgjengelege frå kl 15). Kjapp informasjon om felles opplegg og området på kvelden.

Laurdag 17. september
Her kan du velge mellom:

  • Moskusguiding med guide Even Hønsen Agerup. Dette kostar kr 2000,- og kjem i tillegg til pris for hytter og peisestue. OBS! Sidan vi har brukt Even tidlegare har vi fått litt prisrabatt, så dette er billigare enn om du bestiller guiding privat.
  • Felles fototur med vakt på landskap.

På kvelden er det felles middag – tidspunkt blir avklart seinare – sannsynlegvis kl 19. Pris for middag kjem i tillegg til pris for hytter og peisestue.
Etter middagen er det felles opphald i peisestua. Det er stor tv-skjerm i peisestua, så vi håper folk har lyst til å vise nokre av bileta dei har tatt i løpet av dagen.

Sundag 18. september
Felles fototur. Sannsynlegvis startar vi dagen med soloppgang i Døråldalen.
Utsjekking innan kl 11.

Du treng sjølvsagt ikkje følge fellesopplegget om du heller vil finne på ting sjøl.

Overnatting og pris

Vi har leid hytter på Furuhaugli fjellhytter. Intill videre har vi leid 3 hytter med plass til totalt 14 personar. Om vi blir færre avbestiller vi hytter vi ikkje treng. Total pris pr pers er difor avhengig av kor mange vi blir. I tillegg må vi betale for leige av peisestua. Pris pr pers for overnatting og bruk av peisestue vil bli omtrent i intervallet 700 – 1300 kr. Nøyaktig pris får vi fyrst etter påmeldingsfristen, når vi veit kor mange vi blir.

Her ligg Furuhaugli Fjellhytter.

OBS! Kun middag på laurdag er inkludert, så alle må ta med seg mat og drikke for resten av turen!

Påmelding

Bindande påmeldingsfrist er 20. juli. Oppgje følgande:

  • Navn
  • Epost
  • Mobilnr
  • Om du vil vera med på moskusguiding med Even Hønsen Agerup laurdag (du rekk felles middag:-))
  • Om du vil vera med på felles middag laurdag kveld

Send påmelding til rinegc@gmail.com.

Rett etter påmeldingfristen sender eg deltagerliste og ytterlegare info til dei som har meldt seg på.

Turleder er Rine G. Carlsen. Ta kontakt på epost eller mobil 90 65 33 58 om du har spørsmål til turen. OBS! Eg tar ikkje i mot påmelding på mobil, kun på epost.

Velkommen til fototur på Dovrefjell:-)

Detaljer

Start:
16. september 2022
Slutt:
18. september 2022
Kategori for Arrangement: